Home » Artikler

Norway Rock Festival 2018 er i gong!

06.07.2018

Tekst: Margaretha Krug Aase / Foto: Svein Erik Nomeland
Det er noko magisk som hender dei siste augeblinkane før ein festival opnar dørene. Ein kan nesten ta på stemninga som ligg over området, og i år er stemninga på Øyesletta i Kvinesdal nesten elektrisk. Endeleg ser det ut til at vérgudane er på Norway Rock Festival si side. Sola har varma heile dagen, det er ikkje eit gjørmehól å sjå og elva slyngjer seg doven og varm attmed festivalområdet.

Campen er pynta med flagg i alle variantar, tappekranane står feite og blanke bak disken i ølteltet, nokre få gitarklimpringar frå den siste lydsjekken rungar i høgtalarane og flittige frivillige arbeidarar summar fram og tilbake for å få unna dei siste hektiske oppryddingane før festivaldeltakarane kjem inn portane. Forventningane til festivalen er høg, men ikkje berre til lineupen. I år ser det ut til at det er like mykje opplevinga av å vere her som lokkar, og campen har vore utsolgt lenge. Det er NRF-leiinga vel unt. Dei har slitt med alt frå økonomisk ruin, gjørmebad, iskaldt pøsregn og sviktande publikum til no.

"Den som venter på noko godt…" byrjer eit kjent ordtak, og det ligg kanskje noko i det: det er vel fint lite som kan måle seg med ei iskald drikke i strålande solskin mellom fjella her i denne vesle rockebygda i sør. Lineupen i år er mildt sagt brei og variert med noko for einkvar smak. Artistfoto blir tipsa om både det eine og det andre bandet, og om ein skal følgje råda frå ølteltet denne fredagskvelden, så er både Manitou, Frogleap, Avatar og Nightwish noko ein få med seg. "Og," seier ein av deltakarane "Ingenting, sjølvsagt. Alle elsker Ingenting".

På campen til Norway Rock:



 

Det er verkeleg noko magisk som hender i dei siste augeblinkane før ein festival opner dørene og det første bandet går på scena. Festivaldeltakarar sjekker lineupen. Tørste øldrikkarar står i kø for å hamstre inn nok bongar for kvelden. Vaktene står klare med søppelsekkar og walkie-talkie. Publikum i alle former og fasonger sig inn over dei nyklippa jordene og fyller opp langborda i teltet til lukta av varm, tørr sumarjord. Lys flaumer gjennom teltet, den første basstona runger ut i rommet og vokalisten entrer scena. Signalet alle har venta på. Norway Rock Festival 2018 er i gong.